Mesterhus Florø - din lokale handverksbedrift


Byggmeister med erfaring
Fanevik Bygg er din lokale handverksbedrift. Med ei verksemd som dekker det meste knytta til nybygg og rehabilitering av bustader, er vi eit naturleg val for alle som treng ein erfaren byggmeister til sitt prosjekt. Vi tek på oss alle typar jobbar - frå mindre oppdrag til større totalentrepriser.
Sidan starten i 1980, har Fanevik Bygg opparbeidd eit solid namn i den lokale marknaden. Eit omdømme vi skal leve opp til kvar dag, ved å vere både kvalitetsbevisste og løysingsorienterte. Som din rådgjevar og samarbeidspartnar, sørgjer vi for at du føler deg trygg gjennom heile prosessen. I Fanevik Bygg er vi stolte av å vere lokal forhandlar av Mesterhus - ein landsdekkande kjede som stiller strenge krav til sine medlemar. Dette sikrar deg profesjonell rådgjeving, solid handverk og tett oppfølging heile vegen. I tillegg gir vi deg ekstra tryggleik fordi vi held til i ditt nærmiljø, også etter at prosjektet er ferdig.

Dette gjer vi
• bygger nye Mesterhus og andre spesialtilpassa bustader
• etterisolerer, rehabiliterer og bygger om
• utviklar eigne prosjekt gjennom selskapet Fanevik Tomteutbygging
• nybygg og renovering av skular og barnehagar

Klikk her for oversikt over dine muligheter hos Mesterhus.

Elementproduksjon

Elementproduksjon - kortare byggetid, betre kvalitet Ved vår eigen elementfabrikk i Florø blir ytterveggane bygd innandørs...
Les mer

Frå draum til heim

Når du skal realisere husdraumen, er det viktig å velje ein byggmeister du kan stole på. Ein som ikkje berre ordnar alt du...
Les mer

Kontakt

Fanevik Bygg As
Fjordgata 5, 6900 Florø
Telefon: 57 75 79 80
Mob.tlf: 91 10 86 40