Ville ikkje ha oppussingsprosjekt

Vi var leie av å betale ned på andre sine lån, fortel Stine Pedersen Standal (23) og sambuer Henrik Nygård (23). Det passar best for oss å eige sjølv.

Det unge paret flytta inn i det nybygde huset sitt i Nordre Instetunet 13. september, og er glade for at her kan dei berre bu – utan å måtte bruke tid og pengar på oppussing. 

LUNT MED SJØUTSIKT
Stine frå Florø og Henrik frå Bremanger hadde opprinneleg tenkt at dei skulle bu litt lenger vest i byen. Vi budde i Vågastubben, der vinden og flystøyen ofte var ein del av kvardagen. Men vi har verkeleg ikkje angra på at vi flytta hit, smiler dei. Her, med fantastisk utsikt over fjorden, er det både lunt og koseleg – ein heilt anna atmosfære. Vi kjenner ikkje naboane så godt enno, men det verkar som det er mange unge familiar rundt oss. Vi trivast veldig godt!

Sjølv om det kanskje er litt uvanleg at folk på deira alder kjøper heilt nytt hus, var dei klare på to ting: Dei ville eige sin eigen heim, og dei ville ha eit hus som ikkje kravde oppussing.

HUSET SOM VENTA PÅ OSS
Stine og Henrik starta bustadjakta med å sjå på fleire eldre hus i Florø, men dei fann ikkje  heilt det dei ønska. Så oppdaga dei Instetunet gjennom ei annonse på FINN.no. Det passa ikkje å kjøpe akkurat då, på grunn av skulegangen min, men vi tok likevel kontakt med Kjell Sigdestad hos Fanevik Bygg. Huset har rett og slett venta på oss, og det blei klart til eg var ferdig med studiane, fortel Stine. No jobbar Stine på MOWI sitt smoltanlegg i Haukåa, mens Henrik er på linebåt og har arbeidsperiodar på 5-7 veker, både heime og ute. Flyttinga var litt utfordrande, innrømmer Stine, spesielt sidan den kolliderte med Henrik sin jobbperiode. Men no er vi endeleg på plass, og vi er kjempefornøgde!

MODERNE HUS MED BÅTPLASS
Huset dei har kjøpt ligg som det åttande huset i ei roleg rekke, ved foten av skogkanten i Nordre Instetunet. Det er på 118 m², fordelt på to etasjar, og har ein carport med bod mot naboen i vest. I øvste etasje har dei ei lys og opa stove med integrert kjøkkenløysing, samt eit soverom. I underetasjen er det to soverom, bad, vaskerom og utgang. Det har vore utruleg gøy og lærerikt å vere med på å velje materialar og fargar innandørs, seier Stine. Ein ekstra bonus er at dei fekk båtplass med på kjøpet. Sjølv om dei enno ikkje har båt, ser dei på det som ein spennande framtidig moglegheit. Ein bustad med brygge er ganske unikt, meiner Henrik.

VANSKELEG Å BLI EINIGE
Når det kjem til vala i byggeprosessen, har det vore nokre diskusjonar undervegs. Den største utfordringa har vore å bli einige, ler Stine og Henrik. Vi har jo begge våre eigne meningar, men Kjell har vore utruleg flink til å rettleie oss. Vi er jo heilt ferske i å bygge nytt hus, og har verkeleg fått god hjelp til å forstå kva som er viktig. Kjell har kome med mange nyttige tips undervegs, og vi har fått rettleiing på alt frå materialval til praktiske løysningar, seier Stine med et smil. No er dei begge svært fornøgde med resultatet.

BÅTPLASS MED PÅ KJØPET

Kjell Sigdestad i Fanevik Bygg og Fanevik Tomteutbygging fortel at dei er svært fornøgde med det dei har fått til, og ser at det er attraktivt for folk som etablerer seg i Florø. Båthamna ligg godt skjerma med ein solid molo og bølgedempar mot austavêret. Det er mange i Florø som kan tenke seg ein slik plass, men vi prioritetar dei som bur i Instetunet, og kundane våre som bur i nabofelta.

Vi har sjølvsagt sett av naust og båtplassar til nye kundar, som ønskjer å kjøpe hus eller leiligheiter av Fanevik Tomteutbygging i Nordre Instetunet

Når anlegget er ferdig har vi

  • 29 naust, som kvar er på 20 – 25 m²
  • Innlagt straum og vatn til kvar naustrekke
  • Felles kaifront langs naustrekkene
  • Felles slipp, med dreneringskum som samlar opp bunnstoffrestane
  • Teknisk bygg med plass til verktøy og høgtrykkspyler
  • 45 – 50 båtplassar i ei lun hamn
  • Barnevennleg badeplass

Båtplass og naust er sjølveigande

Kontakt oss
for ein uforpliktende prat